Sign in to auto-apply
Job Description
Tømrere Nordfjord
Arbeidsgiver
Veidekke Entreprenør AS
Sted
Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
Lagre som favoritt
Stillingstittel
Tømrer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Gå til søknad
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har behov for fleire tømrarar i Nordfjord. Akkurat no bygger vi Skram skule i Måløy i Kinn kommune, og prosjektet går fram til sommaren 2027.
Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å vidareutvikle vårt distrikt innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg.
Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, og i nokre tilfeller i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer å vekependle så er det høve til det, men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan tømrarfaget (anna relevant erfaring/kompetanse kan bli vurdert -- vi tilset også vaksenlærlingar)
- Snakkar norsk, svensk eller dansk
Profil
- Engasjert
- Kvalitetsbevisst
- Interessert i ny teknologi og digitalisering
- Høgt fokus på HMS
Vi tilbyr:
- Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar
- Fri mobiltelefon
- Personleg verktøypakke
- Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
- Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar
Vi har eit bredt spekter av kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Har du spørsmål til stillinga, høyrer vi gjerne frå deg.
Om bedriften
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.
Sektor
Privat
Nettsted
http://veidekke.no/jobb
Requirements
- Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å vidareutvikle vårt distrikt innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg.
- Du er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt.
- Du har stå-på-vilje og godt humør.
- Du kan snakke norsk, svensk eller dansk.
Skills
Experience
mid-level