Kultur- og likestillingsdepartementet søkjer ein strategisk og utviklingsorientert avdelingsdirektør til seksjon for medie- og pengespelpolitikk. Dette er ei sentral leiarstilling i skjeringspunktet mellom politikk, teknologi, jus og samfunnsutvikling, med ansvar for område som har stor betydning for demokratiet, ytringsfridomen og tilliten i samfunnet.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsdirektør vil du leie og utvikle seksjonen, samt ha personal- og resultatansvar for ti høgt kvalifiserte medarbeidarar. Du vil spele ei sentral rolle i utforminga av regjeringa sin politikk og samarbeide tett med både politisk og administrativ leiing.
- Leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen.
- Ha resultat- og personalansvar for dei tilsette.
- Utvikle fagområda og medarbeidarane.
- Bidra til å leie og utvikle avdelinga.
- Samarbeide med politisk og administrativ leiing om utforming av politikk innan medie- og pengespelområdet.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein leiar som evnar å skape retning og motivasjon i eit komplekst fagmiljø. Du må ha god forståing for samspelet mellom teknologiutvikling, regulering og samfunn.
- Relevant høgare utdanning på masternivå (t.d. jus, samfunnsvitskap, mediefag eller økonomi).
- Erfaring frå offentleg sektor eller verksemd med komplekse styrings- og beslutningsprosessar.
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Norsk statsborgarskap og evne til å bli tryggleiksklarert for nivå HEMMELIG.
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarstilling med stor samfunnsmessig betydning.
- Brutto årslønn frå kr 1 060 000 til kr 1 270 000.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring.
- Fleksibel arbeidstid og gode treningsmoglegheiter.