Om stillinga
Universitetet i Bergen søker ein sjukepleiar til Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin. Stillinga er ei fast stilling på 100 %, og tilsetjinga skal skje så snart som mogleg.
Seksjonen utdannar tannlegar og spesialistar i oral kirurgi. Vi har eit dynamisk og aktivt arbeidsmiljø, og i tillegg til undervisning driv vi også med forsking, mellom anna på bruk av stamceller for å bygge kjevebein. Arbeidsmiljøet er godt.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i operasjonsverksemd og poliklinisk verksemd i studentklinikken og spesialistklinikken
- Omsorg for pasientar
- Rettleiing og undervisning av tannlegestudentar, tannpleiarar og spesialistkandidatar
- Ved behov delta i drifta av seksjonens sterilsentral
- Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, gjerne operasjonssjukepleiar
- Erfaring frå undervisning/rettleiing er ønskjeleg
- For søkjarar utan spesialutdanning vert det kravd relevant erfaring
- Erfaring med verksemd innan oral kirurgi/kjevekirurgi er ein føremon
Personlege eigenskapar
- Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt
- Vi søkjer ein person som er fleksibel og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- Liker å delta i undervisning
- Er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
Vi tilbyr
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn er for tida kr 655 000 – 685 000 (kode 807). Løn er brutto per. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknad
Søkjarar må sende søknad, CV og vitnemål til Cecilie Gjerde, førsteamanuensis, e-post: cecilie.gjerde@uib.no. Søknadsfrist er tirsdag 1. desember.
Kontakt
Cecilie Gjerde, førsteamanuensis, e-post: cecilie.gjerde@uib.no