Om stillinga
TTF i Fyresdal Kommune søker vernepleiar/sjukepleiar til ein 100 % fast stilling. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode!
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
- Målretta miljøarbeid
- Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
- Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
- Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
- Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
- Dokumentasjon i Profil
- Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
- Diverse praktiske oppgaver i boligen
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar
- Ønskjeleg med erfaring med brukergruppen
- Fagleg dyktig, engasjert og trygg på eigen kompetanse
- Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
- Kjennskap til aktuelt lovverk
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
- Ha god evne til å jobbe sjølvstendig
- Være ansvarsfull, punktlig og stabil
- Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
- Være fleksibel, kreativ og løysningsorientert
- Bidra til godt arbeidsmiljø og ha genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
- Likar utfordringar
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- 35,5 timars veke. Turnus med dag og kveld, måndag til fredag (ikkje helg). Det er mogleg å komma med ønske til turnus
- Løn etter tariffavtale
- Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
Søknad
Søk senest torsdag 31. desember. Kontakt Eirin Dalen, avdelingsleiar TTF, på telefon 47 93254401.