Autosøk
søknader
6 søknader
visninger
59 visninger
Frist
Frist: 7 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du jobbe med teknologi som har betydning for heile Noreg? Vi søker ein KI-teknolog som vil utvikle løysingar som forenklar for næringslivet, effektiviserer arbeidsprosessar og bidrar til å førebygge økonomisk kriminalitet. Du får kombinere praktisk utvikling med å påverke teknologiske val og korleis vi tar i bruk KI. Vi jobbar med maskinlæring og generativ KI, og styrker nå arbeidet med å utvikle og ta i bruk agentiske løysingar. Vi har tatt i bruk ei eiga data- og analyseplattform og ho skal vidareutviklast som grunnlag for arbeidet. Vi legg vekt på at løysingane ivaretar personvern, sikkerheit og ansvarleg bruk av teknologien.

Du vil samarbeide tett med kollegaer innan KI, dataanalyse, utvikling, forretningsutvikling, juss og sikkerheit. Du vil også representere oss, og dele erfaringar, i interne og eksterne forum. I IT-avdelinga blir du del av eit fagmiljø med over 130 dyktige kollegaer.

Arbeidsoppgåver

  • utvikle, teste, ta i bruk og vidareutvikle agentiske KI-løysingar
  • integrere KI med system, data og arbeidsprosessar hos oss
  • utforske og vurdere ny teknologi ut frå konkrete behov
  • koordinere arbeidet mellom eige team og andre fagmiljø, og aktivt følge opp avklaringar og leveransar for å drive løysingar frå idé til praktisk bruk
  • planlegge og koordinere eigne oppgåver og leveransar og dokumentere arbeidet
  • bidra med administrative oppgåver i teamet
  • dele kunnskap og inkludere heile verksemda gjennom aktivitetar
  • bidra til at løysingane er pålitelege og ivaretar sikkerheit, juss og personvern

Kvalifikasjonar

Du må ha bachelor- eller mastergrad innan IT eller andre relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet. Du må ha programmeringskompetanse, opparbeidd gjennom utdanning, arbeid eller eigne prosjekt. Du må kunne autoriserast for AVGRENSA etter sikkerheitslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet si sikkerheitsmessige betydning utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle må det hentast inn samtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.

Det er også positivt om du har erfaring med: utvikling av løysingar med generativ KI, særleg KI-agentar; utvikling av KI-agentar og tilrettelegging av verktøy, kontekst og arbeidsflyt for agentane, inkludert MCP, agentinstruksjonar, underagentar, kommandolinje, skript og MLOps; relevant arbeid frå utviklings- eller teknologimiljø; utvikling via PaaS-løysingar slik som Google Cloud Plattform, Red Hat OpenShift, eller liknande; integrasjon mellom KI, data og andre system og applikasjonar; testing, evaluering og oppfølging av KI-løysingar i produksjon; strategisk planlegging, vurdere teknologiske alternativ og anbefale løysingar.

Personlege eigenskapar

Du samarbeider godt med andre og ser samanhengen mellom system, integrasjonar og arbeidsprosessar. Du er nysgjerrig på teknologi, liker å halde deg fagleg oppdatert og deler gjerne kunnskapen din med andre. Du tar ansvar og initiativ, og jobbar sjølvstendig og strukturert. Hos oss vil du trivast, dersom du set pris på humor og eit arbeidsmiljø med stor takhøgde.

Vi tilbyr

  • fast stilling løna som rådgivar med årsløn frå kr 580 000 - 750 000, eller som seniorrådgivar med årsløn frå kr 700 000 - 950 000, avhengig av kvalifikasjonane dine
  • interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • godt arbeidsmiljø med uformell tone der me alle er på helsgode
  • moglegheiter for fagleg utvikling og ei raus stipendordning
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som har ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten

Søknad

Ved søknad må du leggje ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.

Kontakt

Kontaktperson: Aleksander Simmersholm, KI-teknolog, +4745008043, asi@brreg.no.
Kontaktperson: Mikael Rodahl Helgesen, seksjonsleder, +4746954701, mrh@brreg.no.

Krav

  • Bachelor- eller mastergrad innan IT eller andre relevante fagområde
  • Programmeringskompetanse, opparbeidd gjennom utdanning, arbeid eller eigne prosjekt
  • Kunnskap om sikkerheitslova og evne til å bli autorisert for AVGRENSA

Ferdigheter

KI-utviklingMaskinlæringGenerativ KIMLOpsPaaS-løysingarSystemintegreringDataanalyseSikkerheitsvurdering

Lønn

årsløn frå kr 580 000 - 750 000, eller som seniorrådgivar med årsløn frå kr 700 000 - 950 000

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 6 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Lignende jobber

Se alle
Brønnøysundregistrene logo

KI-teknolog

Brønnøysundregistrene · Brønnøy

8 søkere55 visninger7 dager igjen
  • KI-utvikling
  • maskinlæring
  • generativ KI
  • agentiske løysingar
  • dataanalyse
  • +3 til
Brønnøy kommune logo

Brukerstyrt personlig assistent

Brønnøy kommune · Brønnøy

6 søkere47 visninger11 dager igjen
  • God kommunikasjonsevne
  • Selvstendighet
  • Fleksibilitet
  • Løsningsorientering
AW Academy i samarbeid med Accenture logo

AI Consultant

AW Academy i samarbeid med Accenture · 0158 Oslo

9 søkere67 visninger12 dager igjen
  • Python
  • maskinlæring
  • dataanalyse
  • AI-arkitektur
  • programmering
  • +3 til
AIMZ logo

AI-utvikler

AIMZ · Unknown Location

3 søkere32 visninger19 dager igjen
  • maskinlæring
  • dataanalyse
  • programmering
  • AI-utvikling
  • modellering
  • +3 til