Autosøk
søknader
3 søknader
visninger
66 visninger
Frist
Frist: 8 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Tysnes kulturskule søker kulturskulelærar i piano og korps. Stillinga er i inntil 65 prosent og kan delast i to. Det kan også kombinerast med stillinga som kulturskulerektor.

Kulturskulen har omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Vi tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. Vi samarbeidar også med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Undervisninga held til i Tysnes skule, men kan også føregå på andre skular og bygg.

Målsettinga er å vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Vi skal gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå dei einskilde sine føresetnader.

Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning innan musikk.
  • Motivere elevar og bidra til eit trygt og inspirerande læringsmiljø.
  • Samarbeide med elevar, føresette og kollegaer.
  • Forestillingsarbeid og aktiv deltaking i tverrfagleg prosjekt.
  • Bidra til fagleg utvikling i kulturskulen.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i rytmisk musikk eller anna relevant musikkutdanning frå høgskule/universitet.
  • Pedagogisk utdanning i grunnutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskrav.
  • Relevant erfaring frå musikkundervisning er ein fordel.
  • Kompetanse innan musikkteknologi og musikkproduksjon.
  • Grunnleggande IT-kunnskaper, og evne og interesse for å tileigna seg kunnskap innan teknologi.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.

Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.

Personlege eigenskapar

  • Samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med elevar, føresette og kollegaer.
  • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å gjennomføre oppgåver.
  • Motiverer elevane og skaper engasjement.
  • Er ein tydeleg klasseleiar og ein god relasjonsbyggjar.
  • Held seg fagleg oppdatert og nyttar handlingsrommet som kulturskulelærar.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Hos oss får du ei spennande og utfordande stilling i eit kreativt og dynamisk miljø. Du får mulighet til å påverke og utvikle kulturskulen sine tilbod innan piano og korpsmusikk, samarbeide med dedikerte kollegaer i eit profesjonelt læringsfellesskap og i gode undervisningslokale.

Stillinga er lønsplassert i sentralt løns- og stillingsregulativ. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.

Dersom stillinga skal kombinerast med kulturskulerektor, blir heile stillinga lønsplassert i kapittel 3. Det blir gitt løn etter avtale, samt årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.

Søknad

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor- eller mastergrad.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e-post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legg til rette for ei inkluderande rekruttering.

Kontakt

  • Hildegunn Sørfonn, Kommunalsjef oppvekst og kultur, +4799214806, hildegunn.sorfonn@tysnes.kommune.no
  • Yngve Nikolaisen, Kulturskulerektor, +4746815697, yngve.nikolaisen@tysnes.kommune.no

Krav

  • Utdanning i rytmisk musikk eller anna relevant musikkutdanning frå høgskule/universitet.
  • Pedagogisk utdanning i grunnutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskrav.
  • Relevant erfaring frå musikkundervisning er ein fordel.

Ferdigheter

musikkundervisningmusikkteknologimusikkproduksjonIT-kunnskapkommunikasjonsferdigheitertverrfagleg samarbeid

Lønn

Lønsplassert i sentralt løns- og stillingsregulativ. Ansiennitetstrinna går frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar.

Erfaring

mid-level

Spørsmål og svar

Hvem er Tysnes kommune?
Ansatte
513
Hovedkontor
Uggdal (Tysnes)
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
959 412 340

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Tysnes kommune lyst ut de siste 90 dagene?

Tysnes kommune har lyst ut 17 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Kultur og kreative de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 1625 stillinger innen Kultur og kreative de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Tysnes kommune

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Lignende jobber

Se alle
Universitetet i Sørøst-Norge logo

Førsteamanuensis i spesialpedagogikk

Universitetet i Sørøst-Norge · Lærerskoleveien 40, 3679 Notodden

4 søkere321 visninger22 dager igjen
  • spesialpedagogikk
  • forskning
  • undervisning
  • veiledning
  • universitetspedagogikk
  • +1 til
Tysnes kommune logo

Rektor i kulturskulen på Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes

5 søkere70 visninger8 dager igjen
  • Leiing
  • Organisasjonsutvikling
  • Personaladministrasjon
  • Økonomi
  • Planlegging
  • +1 til
Tysnes kommune logo

Kommuneoverlege

Tysnes kommune · Tysnes

4 søkere50 visninger8 dager igjen
  • medisinskfagleg rådgiving
  • smittevern
  • helseberedskap
  • lov- og avtaleverk
  • norskkunnskapar
  • +1 til
Aura Spa & Velvære As logo

Vi søker negleteknikker!

Aura Spa & Velvære As · Industrigata 2, 3050 Mjøndalen

5 søkere64 visninger11 dager igjen
  • Manikyr
  • Pedikyr
  • Gelenegler
  • Negleforlengelse
  • Negledesign
  • +2 til
Stiftelsen Borgen Barnehage logo

Engasjert barnehageansatt

Stiftelsen Borgen Barnehage · Elgtråkket 12, 2390 Moelv

3 søkere35 visninger19 dager igjen
  • omsorgsfull
  • initiativrik
  • aktiv både ute og inne
Våland-barnehagene , Stavanger kommune logo

Barne og ungdomsarbeider/Assistent

Våland-barnehagene , Stavanger kommune · Trond Hegnas gate 4, 4011 Stavanger

2 søkere22 visninger13 dager igjen
  • Barnehagearbeid
  • Kommunikasjon
  • Teamarbeid
  • IKT-kompetanse
  • Barnesyn
  • +1 til