
Kulturskulelærar dans og teater
Tysnes kommune · Tysnes
- Dans
- Teater
- Undervisning
- Koreografi
- Tverrfagleg samarbeid
- +3 til
Logg inn for å bruke Auto-Apply
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Tysnes kommune søker ein engasjert og utviklingsorientert kulturskulerektor som vil leie ein viktig arena for kreativitet, læring og meistring for barn og unge. Stillinga utgjer 35 prosent i fast stilling og kan kombinerast med ledige stillingar som kulturskulelærar i piano og/eller korps.
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, men noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Kulturskulen er ein sentral del av verksemda kultur saman med bibliotek, frivilligsentral og andre kulturelle einingar. Kulturskulen har 2,7 årsverk fordelte på 5 tilsette og omlag 125 elevar. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Vi held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der vi har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.
Målsettinga til Tysnes kulturskule er at vi skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gi eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen. Stillinga som kulturskulerektor er ledig frå 01.02.27.
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Det kan vere ein fordel om du har:
Vi veit at kompetanse kan vere opparbeidd på ulike måtar. Dersom du kjenner deg att i mykje av det me omtalar, oppmodar vi deg til å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle punkta.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e-post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legg til rette for ei inkluderande rekruttering.
35 prosent i fast stilling
senior
Kilde: Enhetsregisteret
Tysnes kommune har lyst ut 17 stillinger de siste 90 dagene.
Det er lyst ut 803 lignende stillinger de siste 90 dagene.
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Tysnes kommune · Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes, Tysnes

Tysnes kommune · Tysnes
Rogaland fylkeskommune · Spannavegen 38, 5531 Haugesund

Universitetet i Sørøst-Norge · Drammen

Assemblin Caverion · Nesbyen