Om stillinga
Sykkylven Bu- og aktivitetssenter søker helsefagarbeidar til 100 % fast stilling i BUAS sone 2. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, og vi er i ferd med å planere årsturnus og langvakter for dei som ønskjer det.
Ved å velje BUAS får du ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre. Du får også støtte frå eiga sjukepleiargruppe, gode moglegheiter for fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling, samt dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar
- Bidra til å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag
- Samarbeide med pårørande og tverrfaglege team
- Dokumentere i fagsystem
- Delta i fagutvikling og rettleiing av kollegaer og elevar/lærlingar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med anna helsefagleg utdanning kan også søkje
- Erfaring frå arbeid i eldreomsorga er ein fordel
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Grunnleggande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, påliteleg og har god evne til å samarbeide
- Du har eit stort engasjement for brukarane og faget
- Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling i eit godt arbeidsmiljø
- Gode kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Pensjonsordning gjennom KL
Søknad
Søk senest mandag 7. desember. Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne helsefagarbeidarar velkomne til å søkje. Tilsetting kan skje fortløpande.
Kontakt
Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no