Om stillinga
Askvoll kommune Heimetenester søker etter engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil vere med på å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om å skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan til og med tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.
Heimetenesta i Askvoll kommune yter helse og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustadar. Tenesta omfattar mellom anna heimesjukepleie, praktisk bistand og oppfølging av brukarar med ulike behov. Vi arbeider for at den enkelte skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim, oppleve tryggleik, meistring og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte sjukepleie med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»
- Sikre fagleg kvalitet i samsvar med gjeldande krav og retningsliner
- Ta i bruk velferdsteknologi der det er hensiktsmessig
- Dokumentere og rapportere etter gjeldande prosedyrer
- Sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og bakvakt ved behov
- Medikamenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring
- Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjon
- Positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Lik utfordringar og er løysingsorientert
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
- Mogeleghet for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I staden for vanlege vakter kvar tredje helg
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune
Søknad
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Kontakt
Kontaktperson for stillingen: Lillian Vårdal, Einingsleiar heimetenesta. Telefon: +47 57734508. E-post: lillian.vardal@askvoll.kommune.no.