Etterforskar
Bli del av Kristiansund politistasjon! Vi tilbyr ein meiningsfull arbeidskvardag, varierte oppgåver og storslått natur.
Om stillinga
Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Kristiansund politistasjon? Vi har for tida ledig to faste stillingar med primært oppgåver innan fagfeltet vald og seksuelle overgrep.
Det er moglegheit for eit breitt og variert oppgåvesett i stillingane. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga. Det er mogleghet til å delta i støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg og inngå i den operative beredskapen dersom du ønskjer det.
I tillegg til å få ei variert og utviklande stilling, byr Kristiansund og Nordmøre på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her eit mangfold av tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- etterforskingsoppgåver, sjølvstendig og i team
- kriminalitetsførebyggjande arbeid
- publikumsmottak
- utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
- andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen
- bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
- moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap (krev minimum IP4-godkjenning) og krimvakt i helg
- kan bli pålagd andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden.
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå politistilling
- etter-/vidareutdanning innan etterforsking
- anna relevant tilleggsutdanning innanfor etterforsking/erfaring
Vi tilbyr
- ein meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter ved Kristiansund politistasjon
- for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte
- godtgjering etter gjeldande ATB på for tida kr. 46 675 og tillegg for eventuell tunusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste
Søknad
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.
Kontakt
- Eirik André Sæther, +47 93 21 82 88