Autosøk
Vest politidistrikt logo

Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland

Vest politidistrikt

Voss

Sikkerhet- og beredskapsjobber i Voss
søknader
5 søknader
visninger
51 visninger
Frist
Frist: 10 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland

Ledig jobb som politi i ville vakre Vest


Om stillinga

I Vest politidistrikt, Geografisk driftseining Hordaland (GDE-H), er det ledige stillingar som politibetjent, både faste og moglege vikariat, på fleire av einingas politistasjonar. GDE-H består av politistasjonsdistrikta Hardanger, Kvinnherad, Bjørnafjorden med Austevoll, (skal flyttast til GDE Bergen frå 01.01.27), Kvam/Samnanger/Tysnes, Voss og Nordhordland med Masfjorden. Alle stillingane er grunnstillingar, kor alle er kombinerte stillingar der ein jobbar både med førebygging, etterforsking, etterretning og patrulje, og alle har ei vaktordning med bruk av beredskapsvakt. I denne utlysinga er det kun desse stasjonane som rekrutterar i grunnstillingar politi:

Hardanger: Hardanger politistasjonsdistrikt dekkjer Ullensvang kommune. Politistasjonen ligg i Odda. Me dekkjer mellom anna delar av Hardangervidda- og Folgefonna nasjonalpark. Stasjonen samarbeider tett med Kvinnherad og Voss politistasjon. Rv 13 og E 134 går gjennom distriktet vårt.

Kvinnherad: Kvinnherad politistasjonsdistrikt dekker Kvinnherad kommune med 13.200 innbyggjarar. Vi har mykje geografi frå sjø til fjell og isbre, som gir eit mangfald av frilufts moglegheiter. Politistasjonen ligg på Husnes som er den største tettstaden i kommunen, med bl.a. Hydro Husnes, handlesenter, skulesenter, m.v. Stasjonen samarbeider med Hardanger politistasjon, samt Sør-Vest PD som vi grensar til.

Kvam, Samnanger og Tysnes: Kvam, Samnanger og Tysnes politistasjonsdistrikt gjev polititenester for omlag 19.000 innbyggarar i kommunane Kvam, Samnanger og Tysnes samt gamle Fusa kommune i Bjørnafjorden og Ølve/Hatlestrand i Kvinnherad. Eininga har politistasjonar i Kvam, Fusa og Tysnes.

Voss: Voss dekker kommunane Eidfjord, Ulvik, Voss og Vaksdal. Politistasjonen ligger på Voss. Me har ansvar for eit stort område med mange tettstader, mykje fjell og fleire viktige ferdselsårar mellom Oslo og Bergen.

Vest politidistrikt gjennomgår ei omorganisering og det kan bli endringar i politistasjonsdistrikta.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre vakt- og beredskapsteneste
  • Etterforske straffesaker
  • Bidra med førebyggjande politiarbeid
  • Andre arbeidsoppgåver pålagd av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.
  • Søkjar må vere IP-godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli det
  • Søkjar må ha førarkort klasse B, vera godkjend som utrykkingssjåfør, eller kvalifisert og villig til å bli det
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring fra politiet
  • Særleg kunnskap om og ønske om å bli og utvikla deg i eit av de aktuelle politistasjonsdistrikta.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med årslønn:
    • politibetjent 3: Frå kr. 657.500. For politibetjent 3 tilkommer et etterforskertillegg på kr 15.405,- i tillegg per år.
    • politibetjent 2: Frå kr. 560.000
    • politibetjent 1: Frå kr 530.000
    • Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode arbeidsvilkår (gvf turnus, trening i arbeidstida, o.l. - tilpass ut frå type stilling)

Kontakt

  • Håvard Skattum, Politistasjonssjef på Voss, +4790655180, havard.skattum@politiet.no
  • Spørsmål om søknad /CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Krav

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.
  • Søkjar må vere IP-godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli det
  • Søkjar må ha førarkort klasse B, vera godkjend som utrykkingssjåfør, eller kvalifisert og villig til å bli det
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet

Ferdigheter

IP-godkjenningFørerkort klasse BUtrykkingssjåførGod munnleg og skriftleg framføringPlettfri vandelSkikka for teneste i politiet

Lønn

Frå kr. 530.000

Erfaring

entry-level

Spørsmål og svar

Hvem er Vest politidistrikt?
Ansatte
1 503
Hovedkontor
Bergen
Avdelinger
33 steder: Kleppestø, Aurland, Storebø, Blomsterdalen, Nyborg, Bergen, Nesttun, Fyllingsdalen, Os, Svelgen, Dale i Sunnfjord, Florø
Bransje
Aktiviteter utført av politi- og påtalemyndighet
Organisasjonsform
Organisasjonsledd
Org.nr.
983 998 461

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Vest politidistrikt lyst ut de siste 90 dagene?

Vest politidistrikt har lyst ut 19 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Sikkerhet og beredskap de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 1057 stillinger innen Sikkerhet og beredskap de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Vest politidistrikt

Allehelgens gate 6, 5016 Bergen

Lignende jobber

Se alle

Palmafossen skule

Voss herad Palmafossen skule · Tjukkabygdvegen 29, 5705 Voss

4 søkere39 visninger19 dager igjen
  • Sosialt arbeid
  • Vernepleie
  • Pedagogikk
  • Kommunikasjon
  • Tverrfagleg samarbeid
  • +1 til
Voss herad logo

Familieterapeut vikariat

Voss herad · Voss herad, 5700 Voss

8 søkere75 visninger3 dager igjen
  • familieterapi
  • rettleiing
  • relasjonsbygging
  • tverrfagleg samarbeid
  • terapeutisk arbeid
  • +3 til
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA logo

Grovfôrrådgivar

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING SA · Voss, Magasinvegen 35, ,5705 Voss

11 søkere77 visninger10 dager igjen
  • Agronomi
  • Grovfôrproduksjon
  • Rådgiving
  • Gjødslingsplanlegging
  • Klimarådgiving
  • +1 til

Voss barnehage søkjar deg!

Voss herad Voss barnehage · Regimentsvegen 126, 5705 Voss

4 søkere41 visninger15 dager igjen
  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Arbeid med barn med autisme
  • Pedagogisk arbeid
  • Samarbeid med føresette og faginstansar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • +1 til